- Kome i fjøsen til to nyfødte kje – eit salt og eit pepper.

- Byrje på ein tjukk roman igjen, denne gongen Den usynlege broen av Julie Orringer. Det er noko eige med kombinasjonen tjukke bøker med handling frå fortida, og ferie.

- Ordne med post i smartkonvoluttar som er så fulle at dei nesten ikkje går an å lime att.

Smil. Lukta av nysteikte brød. Frekner. Høyre på radio. Pusle. Nye notatbøker. Og notatbøker fulle av minner. Små vekkgøymde butikkar med skattar i. Bilete av verdsrommet. Bøker. Å få brev. Å skrive brev. Solbærte. Å planlegge ei fin overrasking for nokon. Servise med blomar, helst slike blå kornblomar. Gule epler. Glansbilete. Eldre. Tusjpennar. Svart-kvitt-bilete. Vaffelhjarter. Gå tur. Den første kaffikoppen om morgonen. Sitje på bussen og filosofere. Lang helgefrukost med aviser og helst varme rundstykker. Strikkajakker. Smaken av niste når ein er høgt til fjells. Å plukke bær. Lommeur. Å bake. Ullpledd.

 

Din tur.

08.17

Sit i bilen og let fingrane tromme lett mot rattet. The Story går frå roleg til dramatisk, og det er lyst ute. Smil langt ned i magen. Slik blir det av og til av p3-morgen. Så vakne, muntre programledarar, slike det er vanskeleg å la vere å verte glad av. Ingen møtande bilar enno, alle skal same vegen. Mot jobb, skule, eventyr. P3-morgen lurer på kva folk høyrer på om morgonen, og eg lurer på kva som blir spelt i bilane rundt meg. Eg veit ikkje. Kanskje trommar vi den same takta sjølv om vi er like umusikalske.

12.11

Lunsjpause mellom reolane på biblioteket. Les baksidetekstar, eller berre lar fingrane gli over bokryggane. Så få eg har lest, sjølv om eg synest eg har lest mykje. Ein liten prosent, kanskje ikkje det eingong. Broen av Julie Orringer står i hylla igjen, men snart gjer den ikkje det lenger. Glidelåsen på sekken truar med å sprengje, men den held i dag også. Har ikkje anna val.

18.19

Our perfect moments syng Jacky Jean. Chili-te og appelsin. Vinterferie og fredagskveld. Då er det litt fint, altså.

 

Ha ei fin helg, alle saman! Har de fine planar for helga og ferien?

Lydspor: Keep Your Head Up - Ben Howard


Vil sove, men får det ikkje til. Ikkje ordentleg, i alle fall. Geispar meg gjennom lange skuletimar, men greier å vente med å sovne. Håper eg ikkje snorkar på bussen heim. At eg ventar med det til eg ligg på sofaen (aller helst lar vere).

Klipper og limer ein artikkel om søvn. Dvale er ikkje søvn, så dyr må gå ut av dvalen for å sove. Okei, så er kanskje ikkje dvale tingen, likevel.

Fridag, og vil gjere nyttige ting, vite at okei, i dag har eg faktisk gjort noko, men når auga er dekka av søvnskugge, er det ikkje like lett. Tenkjer heimekontor, og finn fram skriveblokk og dokumentmappa på pc-en, samlar saman nokre tekstar som eg printar ut. Må berre fylle eit par ord inn i kryssordet først, så kan eg setje meg med raud penn i handa. Å finne skrivefeil er ein ting, å løfte dei flate setningane er noko anna. Prøver å dra i dei, men trur ikkje eg greier det.

Tusen andre ting som burde gjerast, ting eg kan få til. Burde kanskje lese litt på samfunnsøkonomien, men prøva er ikkje i morgon, så det kan vel vente? Skriv franske setningar inn i boka, men får ikkje grammatikken til å feste seg i hjernen. Tåketankar, skoddehovud.

Kjære meg sjølv, bli strukturert og organisert og vaken igjen. Please.

We’ll try once again tomorrow.

And the day after tomorrow.

And keep our heads up.

Ja.

Litt måndagsfint igjen:

♣ Endeleg tenkje at no er teksten eg har jobba med i det siste endeleg blitt litt ok.

♣ Setje tjukk strek over dei kjedelege tinga som har stått på må gjere-lista litt for lenge. Som å rydde klesskåpet og bøte holet i strikkajakka.

♣ Høyre på ei fin lydbok (Tretten fortellinger) medan auga ser på fallande snøfnugg, og av og til humre inn i skjerfet fordi boka er så fornøyeleg.

♣ Restar frå god søndagsmiddag.

♣ Samle saman biblioteksbøker i ein pose. Har lånt så mange til ulike tider i det siste, og begynt på ei no og ei då. Litt kaotisk, eigentleg, og akkurat no ville ikkje hovudet mitt ha det slik. Rare hovudet som ein dag vil låne alle bøkene auga ser, og neste dag ikkje ha fem bøker med bokmerke i liggande rundt omkring.

Gratulerer alle mødre og bestemødre og reservemamma-ar

♥ som alltid spreier litt smil og latter.

♥ som har sett på så mange plaster, og blåst på så mange skrubbsår-kne.

♥ som tør å mase og kjefte, og gjer det fordi dei elskar.

♥ som smurte frukostar med majones forma som smilefjes for å redde gretne morgonar.

♥ som seier “ja! klart eg kan hjelpe deg.”

♥ og innimellom seier “nei”, fordi ein må lære å klare sjølv også.

♥ som lagar den aller beste maten, heilt utan oppskrift.

♥ som er nisse ein sein kveld i november, og tjuetre i desember.

♥ som trøystar og støttar og oppmuntrar og heiar.

♥ som lagar dumme reglar som ein først lenge etterpå forstår ikkje var så dumme likevel.

♥ som er den beste veninna ein kan ha.

♥ som alltid er der, uansett.

Gratulerer Mamma, du er så fin og bra ♥

Ti minus og iskalde fingertuppark, roser i kinna og frostrøyk som ei sky framfor andletet. Samankrølla fingrar inni dei raude vottane. Eg prøver å gå fortare, gå frå kulden, og under skoa mine knirkar det.

Høge knirkelydar i møtet mellom sko og snø, som ropar høgt, bakom musikken, snik seg forbi stemma til Sivert Høyem og fortel at det er februarvinter. Litt lenger framme glitrar det i snøkrystallane, og eg går fortare, til eg frå min eigen skugge framom meg og sola i ryggen. Og eg snur meg så sola skin rett mot andletet.

Så gjer det ingenting likevel at det er så kaldt, mest av alt er det berre fint, for bjørketrea er dekte av rim, rim som blenkjer når eg ser på sola bakom det, og sjølv om det er iskaldt tvingar eg hendene ut av dei tjukke vottane, naglebit eller ikkje, og finn fram kameraet.

For i dag er det slik at det ikkje gjer noko at fingrane frys til is. Etter så lenge, berre ein ut i sola. Fire kilometer, og hei, hallo, god tur vidare til alle kantar. Sola er her ein time. Den timen kan ein la pensumet få ligge i fred. Og eg var visst ikkje den einaste som tenkte akkurat det.

Dette her er bokmelding nummer to frå meg i samband med bokbloggturneen. I går var det Lattermild som skreiv, og i morgon kan ein lese om boka hos Synne Larsen.

Det er Linde Hagerup som har skrive boka, ein forfattar eg må innrømme å ikkje ha høyrt om før. Eg vart ikkje mykje klokare av å lese forfatterintroduksjonen på innsida av omslaget  - “…veldig flink og veldig skrytete, men egentlig er hun mest opptatt av å kysse.”. Ei kjapt søk på nettet gav meg derimot svaret på det eg burde skjønt med ein gong – ho er i slekt med Inger, Klaus og Hilde. Litt flau av å ikkje kjenne til forfatteren frå før, opna eg boka. Greidde ikkje å vente, denne måtte vere bra. Og  det måtte jo vere ei bok om å vere fjorten år og forelska, og at alt ikkje er rosa likevel.

Allereie frå den første sida, med tre korte setningar midt på, var eg fanga av historia. Litt lei meg for at eg ikkje lenger er tretten år – eg hadde elska å lese den då – men eigentleg hadde det ikkje betydning. Denne boka var herleg å lese som attenåring også.

Boka handlar om Billie på fjorten, og vennane hennar. Ein blir tekne med inn i ei verd av kjærleik, flørting med det ulovlege og forviklinga når ein kanskje veks frå kvarandre. Det er ikkje lett når nokre byrjar å få kjærastar og vil vere med dei heile tida.

Linde Hagerup skriv veldig godt, og veldig levande. Omgjevnadane kring meg forsvinn, og blir erstatta av luft farga grå av sigarettrøyk, djupe saccosekkar  og hard musikk på lp-plater. Mange av emna som blir tekne opp er vanskelege, men Linde gjer det på ein veldig bra måte som eg trur unge jenter vil kjenne seg att i, uansett om dei er av dei som står ved døra og røykjer, eller dei som hoppar strikk. Uansett kven ein er, er sjansen stor for at ein på eit tidspunkt vil føle seg usikker på korleis det eigentleg går med vennskapa ein har, eller oppleve at ting blir snudd på hovudet fordi ein i gjengen er forelska.

Les denne boka, uansett om du er fjorten eller berre vil tilbake til den tida for ein time eller to. Av og til er det ganske fint å ha eit steg tilbake også. Kanskje gjer du som meg og skriv opp dei to første bøkene i triologien på vil lese-lista.

♥ Leite etter Epic Scrap Metal-cden, gi opp og velgje Long, Slow Distance i staden, og sjå at hurra! der var ein cd gøymt bakom. Gjett kva for ein!

♥ Få mail om jubileumsgåve frå bokklubben. Ja takk til gratis bok.

♥ Teaterbilettar i posten.

♥ Få kyss på kinnet frå eit lite kje (pluss bitt på haka, men det er ikkje så nøye.)

Av og til er det fint å berre utsetje frukosten litt, strekkje ut morgonen og late som om det er tidlegare enn det eigentleg er. Vaske eit freknete eple og koke ein kopp kaffi medan ein ser på fuglane som har begynt på sin frukost. Meisebolle i grønt plastnett, men det ser ikkje ut som om dei bryr seg. Kanskje er det trass alt eit herremåltid for dei, no som bakken er hard og dekt av kvite dyner.

Det blir to koppar kaffi, og eit litt mindre kvitt papir. Ei omskriving her, ei overstryking der. Det er langt å gå enno, men det er færre uoversiktlege vaser no. Kanskje kan det skje, eller heller det. Det er litt fint å ikkje vite. Vite litt, men ikkje alt. Og å vite at det eg veit, kanskje ikkje er sant enno. Kanskje lagar eg tjukke, raude strekar over orda om nokre dagar, eller markerer ei halv side og slettar alt. Men ikkje i dag. I dag skriv eg, flyttar rundt og lar dei nye orda få stå. Om nokre dagar blir det kanskje tydleg om dei har funne seg til rette eller ikkje.

Tida går i stå, eller kanskje motsett, den flyg. Frukosten vert brunsj, med kokte egg og peparmakrell. Ein kopp te, og samtaler i alle retningar over bordet. Slik søndag føremiddag kan vere, før ein går ut og dekkjer bøen med skispor på kryss og tvers. Det er ikkje lenger berre skare, men laussnø no, så spora set merker. Skeive og hakkete, av og til tett saman, andre tider langt frå kvarandre. Men bra nok.

orden i rotet

bloglovin

gammalt

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.