Eg har fått lov å vere med på Cappelen Damm sin bokbloggturné, og i dag skriv eg om Annalisas Dagbok av Mariangela Cacace. I går var det Ellens oase som skreiv om den, og i morgon kan du lese om den på Carolines verden.

Vi får vite det allereie i baksideteksten – Annalisa sitt liv endar tragisk. Ho vart drept av mafiaen, og denne boka er basert på hennar dagbok som faren seinare fann. Innimellom dagbokutdraga har forfattaren Mariangela Cacace skrive episke tekstar. Denne kombinasjonen liker eg veldig godt, for på same tid som vi får lese det Annalisa sjølv skreiv, og får eit innblikk i hennar personlege tankar og meiningar, bitt tekstane til Cacace boka saman til ei forteljing. Kombinasjonen gjer også sjølvsagt at boka si form vert meir variert. I kombinasjon med Geir Moen sine illustrasjonar vert boka lettlest og variert.

Gatene her skremmer meg. Det er så mye veskenapping og ran.

Det eg liker aller best med boka, er kombinasjonen av framandt miljø og kjende tankar. Annalisa bur i eit brutalt mafiastrøk i Italia, og tek oss med inn i ein kvardag som er veldig fjern frå trygge Noreg, men samstundes er det mykje å kjenne seg att i. Vanskeleg kjærleik, sjalusi, vennskap og kranglar, draumar om framtida… Kort sagt dei tankane vi er vande med at sviver rundt i tenåringshovuda våre.

Jeg liker å tenke på at livet mitt ikke ender med døden. Jeg ønsker å bli minnet av de som lever etter meg.

Det at slutten vert avslørt, blir ofte omtala som noko negativt, men for denne boka synest eg det var eintydig positivt. Grunnen er at det vert endå sterkare og gripande å lese om Annalisa då, og særleg dagboktekstane hennar. Å lese det ei tretten år gammal jente skriv om framtidsdraumane sine, til dømes, blir gripande når du veit at ho berre veker seinare skal verte drepen.

Samla likte eg denne boka veldig godt. Den gir eit innblikk i ein heilt framand kultur og kvardag, samtidig som det er mykje det er lett å kjenne seg igjen i. Med stort fokus på forelskelsen Annalisa har for Francesco, passar den endå betre for unge jenter.