Som om fargane med eitt er blitt klarare, skarpare, og tida har roa seg ned. Mindre å haste etter, meir å smile av. Tid til å vere her og no.
Fredagsfri til å gjere ting som har hopa seg opp. Rydde i skuffene, tørke vekk det tynne, grå støvlaget som har lagt seg i glaskarmen, bokhylla og over tankane. Tørke vekk det grå, og finne fram fargeblyantane igjen. Skrive med fin skrift, på glatt papir. Skrive fordi ein vil, ikkje fordi ein må.
Gå ut fordi ein vil, ikkje fordi ein treng luft for å klarne hovudet før neste leseøkt. Merke kor mykje meir vår det har vorte, kor mykje større blomane og lauva har vorte. Lukta av våronn, av jord som blir vend, av vedkløyving, av dyr på beite. Dei små søtnosane som har vorte store no, store og raske, som spring etter ein nedover bakken så dunka frå trettito føtter blir ført med bakken. Små jordskjelv ein må halde pusten for å kjenne, store sommarfuglar ein må halde pusten for å ikkje jage vekk. Ein greier å halde pusten no, for ein pustar med magen igjen.









